Fottur til Stegen

Publisert av: Lærdal Turlag
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    2,9 km
    1 time, 30 minutter
  • Sesong
    Hele året

Turen byrjar ved ferjekaien på Fodnes. Parker bilen på P-plass 50 m forbi kaien. Følg den private grusvegen til Fodnes. Gå på oppsida av fjøsen, og følg godt merka og god sti oppover fjellryggen. Stien er rekna for ein av dei beste i Lærdal kommune. Det er stort sett torv med barnål, og ruta går i spredt furuskog. Ved sidan av stien ser ein stolpekar etter kraftlinja Fodnes – Lærdal. St. Olavskjelda har fått namnet sitt etter ei segn som seier at Heilage Olav reid her med hesten sin, og at hesten slo hoven i bakken og fann vatn.

No har du att omlag 30 min til du er på Stegen, eit flott utsiktspunkt 565 moh.

Det er og mogleg å gå vidare oppover. Ein kan gå vidare til den flotte stølen Fagerset. Utsikta her tek pusten frå ein. Det er og merkt vidare over åser til Stødno (Lærdal), eller ein kan gå opp på Vetanosi og langs ryggen mot Stødno. (Sjå desse turane).

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Fra Lærdal Rv 5, fra Årdal Fv 53, Fra Sogndal med ferje Mannheller - Fodnes. Parkering på P-plass, 50 meter forbi kaien, mot neset.

Adkomst med offentlig transport

Buss fra Lærdal og Årdal, ferje fra Mannheller.
Annonse

Publisert av

Lærdal Turlag