Fottur til Tysnessåta fra Myrdal

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,9 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 587 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Med fantastisk utsikt i alle retningar er Tysnessåto 753 moh eit svært populært turmål blant både lokale og ferierande. Frå Tysnes sin høgaste topp kan du mellom anna beundra Bjørnafjorden, innløpet til Hardangerfjorden, Stord-fjella og dei majestetiske Kvinnheradfjella.

Vel du Myrdal som utgangspunkt vinn du raskt høgdemeter, og det tek ikkje mange minuttane før du får vakkert utsyn mot fjord og bygd. Det er nokså bratt oppover Buskaret og Gråuro, men dei over 1000 trappetrinna laga av dyktige sherpaer har gjort turen enklare for folk flest. Undervegs er det også laga til fleire flotte kvileplassar i stein.

Der det ikkje er trapper er det stort sett fin sti, med unntak av eit lite parti i Buskaret der du må rekna med nokre høge kneløft. Når du er ferdig med trappene i Gråuro og kjem opp på såtefjellet flatar terrenget litt meir ut, og herifrå er det enkelt å gå mot toppen.

Turen passar for alle som er i normalt god form. Hugs tursko med ankelstøtte, klede etter veret og drikke. I sommarsesongen kan du avslutta turen med eit herleg pizzamåltid på Myrdal gard.

Adkomst med egen bil

Frå Fv49 mellom Våge og Lunde følger du skilting mot Myrdal og Tysnessåta. Hald til venstre rett før Myrdal gard for å koma til parkeringsplassen.

Adkomst med kollektivtransport

Bussrute 654

Annonse