Åsleite-Samlen

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    2,3 km (én vei)
    3 timer
    Tur-retur
  • Sesong
    Mai - okt

Startpunkt/parkering

Ved veg 550, ca. 4,6 km nord for Herand kai. Dette er ca. 250 m nord for kommunegrensa mellom Jondal og Ullensvang, som er skilta. Turskilt til Samlen står på vestsida av vegen. Her kan du parkera i vegkanten, eller parkera på det høgaste punktet på vegen (Åsleite). Parkering på eige ansvar. (Infotavle står ca. 500 m sør for startpunktet, ved starten på skogsvegen til Våhaug.

Skildring av tur

Du startar på skogsveg, og etter om lag 100 m finn du skilt, der stien tek til venstre gjennom granskog. Så går stien bratt opp ei steinur, og når du kjem til endes på denne ura må du forsera eit berg. Der er det bygt ei trapp. Stien fortset til venstre ut ei skor, Fureskora. Vidare svingar stien til høgre og delvis bratt oppover. Når du passerer skoggrensa får du godt utsyn ned mot Herand og mot Herandsfjella. Vidare går du over våte myrar før det igjen stig bratt opp. På toppen opnar det seg spektakulær utsikt ut og inn Hardangerfjorden

Sesong

Mai - oktober/november. Du bør ikkje gå dersom det er snø eller frost.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
-Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er god på det meste av turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ved veg 550, ca. 4,6 km nord for Herand kai

Adkomst med offentlig transport

Bussrute Jondal - Utne
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse