Sætveit - Vikanuten - Fjellstøl, rundtur

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Ekstra krevende
  • Lengde og varighet
    7,9 km
    5 timer
    En vei
  • Sesong
    Jun - okt

Du går oppover på god skogsti. Etter om lag 15 minutt deler stien seg. Her er det skilta Fjellstøl og Vikanuten. (Denne turen er omtalt som ein rundtur og du kjem tilbake til denne plassen om du vel å gå mot Fjellstøl først). Gå mot Vikanuten, over elva og bratt oppover vestsida av Nutadalen. Først gjennom granskog og vidare i bjørkeskog. Skoggrensa er om lag halvvegs opp til Vikanuten. Vidare oppover i god fjellsti, men like bratt. Varden på Vikanuten ligg litt nedanfor høgda. Her er det svært god utsikt. Du kan skriva namnet ditt i ei bok bak steinar ved foten av varden. Du går vidare over høgda i flott fjellterreng med fleire tjørn, før du kjem ned til Fjellstøl. Dette er stølen for gardsbruka på Sætveit i Jondal. Det er skilta og merka tilbake til starten (Sætveit), eller du kan gå til Breidsete. Når du er på stølen bør du ta ein avstikkar til ei antenne (ca 100 m nordvest for stølen), der det er flott utsikt mot Jondalsbygda. På stølsvollen er det ei ”kasse” som du kan skrive i. Stien mot Sætveit går til dels bratt nedover i bjørkeskog og vidare i eit granfelt før du kjem til stikrysset som er omtalt i starten av turen.

På denne turen har Jondal idrettslag sett opp 40 skilt med historiske namn, og med omtale av staden på norsk og engelsk. Skilta er brune med kvit skrift.

Sesong

Juni/juli – oktober. (Går du i juni er det kanskje ein del snøfonner du må gå over.)

Råd for turen

- Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er god på det meste av turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

1,0 km sør for Jondal sentrum (veg 107). Informasjonstavle og skilt ved parkeringsplass på austsida av vegen. Parkering på eige ansvar.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse