12. Botsvatn - Jonstein

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 8,8 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 1148 høydemeter totalt
  • Sesong: Jul - okt

( Information in English? Look below the Norwegian information )

Skildring av tur

Frå Botsvatn følg anleggsvegen til endes. God sti opp til Skarvabotsvatnet. Her er det skilta venstre opp til Jonstein. Nokre få svært bratte parti oppover, men for det meste god sti. På toppen er det flott utsikt i alle retningar. Frå Jonstein kan du ta umerka rute ned mot Dåren. Dette er ein flott rundtur på finversdagar. På Dåren kjem du inn på andre merka turar. På veg mot Dåren kryssar du også Buførevegen, og du kan følgje denne ned til Botsvatnet.

Sesong

Juli - oktober NB! Du må ikkje gå denne turen om vinteren grunna skredfare

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du bruke joggesko.
- Mobildekning er god på det meste av turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

English version:

Starting point/parking:

Take the road from Jondal towards Folgefonna. After 8.0 km turn right just before the bridge. (Close to the road junction is an information board showing details of several tours.) This is a toll road for those continuing by car. The pay point is about 100 m in from the main road.

After 2.0 km take a gravel road down to the left hand side. Continue 4.1 km until you arrive at the lake, Botsvatn. Park your car here and find the hiking signs showing the directions to both Jonstein and Dåren. Parking at own risk.

Description of the hike:

Take the old construction road as far as it goes. From here onwards there’s a good path up to the lake, Skarvabotsvatnet. On arriving at the lake look for the hiking sign on the left. There are a few parts of the route which are very steep, but the path is generally good. There’s a superb view in all directions from the top.
From Jonstein you can also take the unmarked path down to Dåren. This is a great hike in good weather. On the way to Dåren, you also cross Buførevegen, and you can follow this down to Botsvatnet. At Dåren you meet the signs marking the routes for tours to Vassenden or Botsvatnet.

Season

July – October.

Hiking advice

Bring food, drinking water and windproof clothing.

We advise you to use hiking boots. If it’s been dry weather for a while, you could use trainers/sneakers.

We recommend that you bring a map of the area and a compass, or a GPS.

Good cell phone signals covering most of the hike.

Dogs must be always kept (by law) on a leash between April 1 and August 20.

Open fire is prohibited in the hills and woods between April 15 and September 15.

You are free to walk anywhere in the hills and mountains. Take care of the nature and show special consideration to all wildlife. Please do not litter.

Ask the Tourist Information regarding angling/fishing and the purchase of fishing permits.

Adkomst med egen bil

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turar i området.. Etter 2,0 km tar du av på sideveg til venstre på grusveg. Etter 4,1 km kjem du til Botsvatn. Har du bil parkerer du her. Parkering på eige ansvar. Ved parkeringsplassen er det informasjonstavle og skilt mot Jonstein, Buførevegen og Dåren.
Annonse