Torsnes - Daurmålsdalen

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    4,0 km (én vei)
    5 timer
    Tur-retur
  • Sesong
    Jul - nov

Skildring av tur

Stien går først gjennom granskog og vidare i lauv- og furuskog til du kjem opp i Daurmålsdalen. Nokre bratte og glatte parti på berg etter granfeltet; elles god sti. Stien inn Daurmålsdalen går forbi ei hytte og vidare flatt innover på austsida av vassdraget. Når du kjem til enden av denne flotte dalen går stien bratt opp langs fossen som renn ut av Demmevatnet. Dersom snøen ligg lenge er det kanskje ei snøfonn som ligg oppå stien og fossen i dette bratte partiet. Då er det ikkje forsvarleg å gå vidare. På toppen av det bratte partiet er det ikkje langt til utløpet av Demmevatnet, der merkinga stoppar. (Det er umerka sti vidare til Gjetingsdalen og til Grønrimb.

Sesong

Juli - oktober/november

Råd for turen

- Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
- Mobildekning er god opp til hytta i Daurmålsdalen, men ikkje dekning vidare.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Følg veg 107 sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 1,2 km vidare. Ta til venstre mot Stølheim. Etter 0,4 km må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Der er det også informasjonstavle om turane i området. Følg vegen ca. 0,5 km, og ta av mot høgre (skilta Daurmålsdalen). Etter nokre hundre meter finn du nytt skilt Daurmålsdalen. Dersom du har bil, kan du parkera i vegkanten. Parkering på eige ansvar.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse