Pineskår - Gullbergnotten

Legg til huskeliste
Annonse

Skildring av tur

Turen går i Gullbergnotten naturreservat og for det meste i tørt terreng. Første halvdel av turen går du i lauvskog, og stien er tildels bratt og krevjande. To plassar er det montert stigtrinn i fjell. Etterkvart flatar terrenget litt av og skogen opnar seg. Stien går vidare i furuskog på lyng og snaufjell

Adkomst med egen bil

Ta veg 550 nordover frå Jondal sentrum, 1,4 km, til du er kome gjennom ein kort tunnel. (Det er tillate å gå gjennom tunnelen). Staden heiter Pineskår. Parkering på sjøsida av vegen, men ikkje sperr porten til miljøstasjonen. På motsett side av vegen er det informasjonstavle og skilt til Gullbergnotten. Parkering på eige ansvar.

Adkomst med kollektivtransport

Bussrute Jondal - Utne
Annonse