Vassenden - Vatnasete

Publisert av: Juklafjord - Jondal Nasjonalparklandsby
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    4,3 km
    4 timer
  • Sesong
    Mai - nov

Skildring av tur

Ved Vassenden finn du ei infotavle for turane i området. Gå opp ca. 20 m. Her er det skilta Stuasete og Knutstøl. Gå mot Stuasete, langs Vassendevatnet, over myrar og opp til stølen Stuasete. Her er det skilta til Dåren og Vatnasete. Gå mot Vatnasete. I lett stigning kjem du først til stølen Eggjasete og deretter ned til Vatnasetevatnet. Etter at du har gått rundt vestre del av vatnet kjem du til eit stikryss. Her er det skilta Solhaug, Fodnastøl og tilbake til Stuasete. Vatnasete ligg like ovanfor krysset i retning Solhaug.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha vasstette sko/fjellstøvlar.
- Mobildekning er ikkje god på heile turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
-Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 5,0 km ta av mot venstre, skilta Molve. Etter 160 m (etter ei bru), ta mot høgre. Etter 700 m, ta til venstre på grusveg. Etter ca. 100 m kjem du til ei grind og du må betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). God grusveg vidare (2,8 km) til god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar.
Annonse

Publisert av

Juklafjord - Jondal Nasjonalparklandsby