Fin tur på samanhengande veg frå Ølen til Etne. Turvegen startar ved Øvrehagen i Ølen (Hellevadvegen) og kjem ned på Meland i Etne (Gamlevegen). Vegen startar med asfalt, men går etter kort tid over til grus ved Hellevad. På Fikse passerer vegen nokre gamle «tyskarhòler»/bunkersar frå krigen som det går an å gå inn i. Det går an å bruka vegen som sykkel- eller gangveg frå Ølen sentrum til Etne sentrum, utan at ein må innom E134.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding