Kvanndal - Rong ( del av Bergensstien )

Publisert av: Voss Utferdslag
Annonse

Om turen

Ser ein på kartet kan det frå Kvanndal ved første augnekast virke kort og enkelt, men vær budd på ein ganske bratt oppstigning frå dalbotnen og opp til Kvanndalsstølen.

Frå ferjekaia i Kvanndal går ein opp Kvanndalen, først på grusveg 500 meter og vidare på traktorveg 1500 meter før ein kryssar elva og byrjar på stigningane. Herifrå går ein opp den den bratte dalsida på omlag 500 høgdemeter på sti til Kvanndalstølen. Her tek me ein god pause. Vidare noko stigning forbi Tveitavatni, under monstermastene til me møter ruta mellom Lussand og Rong. Frå gamalt av kalla Saltvegen. Her frakta ein tidlegare salt på hesteryggen frå Hardanger til Rong. Me følgjer no Saltvegen forbi Brennevinssteinane til Gjellestølen 770 moh, som er turens høgaste punkt. Her er panoramautsikt over Hardangerfjorden og fjella omkring.

Vidare går ein i opent lende ned til stølane i Almenningane 590 moh. Dei siste 4-5 kilometerane på grusveg ned til Rong Fjellstove (Rongastovo)

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Buss / privatbil til Kvanndal Buss / Privatbil / taxi frå / til Rong
Annonse

Publisert av

Voss Utferdslag