Fottur til Vetledalsetra via Erdalsetra

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,9 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 241 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Vesledalssetra har i lange tider vore utgangspunkt for turar over Jostedalsbreen. Gjennom fleire generasjonar har patentførarar ført turistar over breen til Skjåk og Sogn, og driftehandlarar førte store fedrifter over breen til Fåbergstølen og vidare mot Austlandet. I vår tid har “Josten på langs” vore ein populær skitur på vårparten. Vesledalssetra ligg omkransa av høge fjell, og brear heng i fjellsidene. Naturen er vill og vakker. Ved denne setra deler Erdalen seg i to dalføre: Storedalen går mot søraust, og her finn du stien mot Erdalsbreen. Vesledalen har retning mot aust, og her går det sti til Vesledalsbreen.

Parkering: Du kan parkere på parkeringsplassen ved enden av bomvegen. Hugs å betale avgift.

Merk: Dersom du parkerer ved Greidung, vert turen meir krevjande.
Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgova.

Turomtale

Frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Vesledalssetra, er det ca. 3,6 km og litt over 200 høgdemeter.

Frå Erdalssetra til Vesledalssetra er det ca. 1,9 km og ca. 75 høgdemeter. Du bør berekne 3 timar på heile turen – frå Greidung 5 timar.

Stien frå parkeringsplassen ved enden av bomvegen til Erdalssetra er skildra i “Tur til Erdalssetra”. Sjå denne!

Frå Erdalssetra går stien over Setreura og så i flatt og ope terreng gjennom Setreøyane. Her er det godt beite, og ein møter som oftast kyr. Vis omsyn! Under snøsmeltinga og etter kraftig regnvêr kan det vere vanskeleg å kome seg tørrskodd over Trollurgrova. Men vanlegvis går det greitt å passere her.

Når du kjem til Lidabakkane, er det jamn stigning til Reset. Derifrå går det i slak unnabakke til Vesledalssetra.

Turen er publisert i samarbeid med Oppstryn Bygdeutviklingslag

Sjå alle turene i Oppstryn på Oppstryn.no/fjellturar

Adkomst med egen bil

Køyr Rv til enden av Oppstrynsvatnet. Ta av til Erdal. Køyr til innerste gardane. Ein kan velg om ein vil parkere der eller køyre bomvegen opp bakkane. Husk småpenger til bomavgifta.
Annonse

on the path