Tursti til Tjobergshaugen på Halsnøy, Kvinnherad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,5 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 270 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - nov
  • Turkart: Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst. Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg i målestokk 1:20.000 er til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg. Du finn eit kartblad for turen ved å bla i bilda øvst.
  • Parkering, start- og sluttpunkt: P-plass ved Halsnøy skytebane sør for Fjellandsvatnet. Sjå feltet "Adkomst" lenger nede på sida...
  • Merking: Informasjonstavle ved P-plassen. Stien er T-merkt og skilta.
  • Høgdeskilnad: 20 – 176 moh.
  • Tidsbruk: 2 timar t/r - Ca. 3,5 time dersom ein går rundturen om Håfjell.

.

TUROMTALE

Følg merkt sti frå P-plass til høgre opp skogsveg, og vidare på sti mot Tjodberg. Oppgang på nordsida av haugen. Ta gjerne turen innom den luftige Tjobergspreikestolen (OBS: farleg stup, pass på barna) og oppkoma nær toppen. 

Tjobergshaugen er ei gamal bygdeborg. Legg merke til dei oppmura forsvarsmurane og svipp gjerne bortom Tjuvhola på toppen. OBS: farleg stup mot nordaust, pass på barna. 

Faktainformasjon og segner knytt til denne historiske staden som Tjodbergshaugen er, kan ein lesa på plakatar på toppen.

GODE RÅD

  • Ein del blaute parti på stien, bruk eigna sko.
  • Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein frå Tjobergshaugen følgja den skilta og merkte stien nedover mot sør til Ørnareiret, og vidare på sti nordover mot toppen av Håfjellet. Derifrå vidare nordover til stidele mot Ørnahelleren, og vidare på den merkte stien til P-plassen ved skytebanen. Alternativt stien vidare til Gravdalsvatnet, og retur til skytebanen på merkt sti derifrå. Sjå kartbladet link til Håfjell i lista lenger nede på denne sida.
  • Det er også merkt løype frå Tjobergshaugen over Sørheia til Sydnessåta og vidare til Trollåsen på Sydnes.
  • Det er merkt løype mot Håfjell ved nordfoten av Tjobergshaugen.
  • Ny, merkt løype over Nordheia til Arnavik og Fatland kjem i mai 2021.

I Kvinnherad kommune er det mange turforslag og turmål som er lagt inn på UT.no. På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar og turmål i kommunen: Turforslag i Kvinnherad. 

Adkomst med egen bil

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Etter å ha passert Fjellandsvatnet, køyr 200 meter på ei rett strekkje. Ved skilt Skytebane / Tjobergshaugen til venstre i vegkanten køyr inn på ny P-plass 40 meter nordaust mot skyttarhuset. NB! Dersom skyting på banen, har skyttarane førsterett til parkering, og du bør parkera langs hovudvegen.

Annonse