"Ta turen til toppen av røyrgata i Tyssedal. Det var her dei gamle vasstunnellane enda, før 50.000 liter vatn i sekundet fossa gjennom røyra til den gamle kraftstasjonen.
Ein køyrer opp frå Tyssedal mot Skjeggedal og stoppar i Toppelvsvingen der det er skilta til Lilletopp. Stien oppover er skilta og godt tilrettelagt med trinn, rekkverk og trapper. Det tek ca 30 minutt å gå opp.
Frå Lilletopp og til eit utsiktspunkt eit par minutts gange unna har ein eit mektig utsyn over Sørfjorden og Folgefonna.
Dette er ein spanande tur som høver godt for både born og vaksne. Om sommaren er det guiding til faste tidar."
Kilde: NVIM/Hardangerfjord