Eggjasete

Publisert av: Kvam Turlag

Tur til støls over Neteland i Steinsdalen. Turen som er beskriven her går stort sett på veg. Det er også andre ruter som fører til Eggjasete, bla. kan ein gå ein kortare veg på sti eller ein kan gå frå Kvamskogen og få mindre stigning.

Parker på Neteland og følg skogsvegen oppover lia. Fleire fine utsiktspunkt på vegen oppover og seinare bortover mot Eggjasete.

Når du kjem opp på flaten kjem du til eit vegkryss, her skal du til høgre, i neste vegkryss skal du halda til venstre. Vegen fører deg vidare til du ser stølshusa på Eggjasete.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Dårleg med parkeringsplassar på Neteland. Ta hensyn til dei som bur og driv gardsbruka. Vegen opp lia er bomveg som kan køyrast men den er ikkje eigna for alle bilar/sjåførar.