Kvanndalstølen

Legg til huskeliste
Annonse

KVANNDALSSTØLEN

Høgdemeter over havet: 560 m

Lengde: ca 4 km

Tid: 1,5- 2 timar frå parkering ein veg

Gradering: tung tur

Vegskildring: Køyr riksveg 7 mot Kvanndal ca. 10 km, sving av ved første avkøyring høgre side før kaien. (ved 60 skilt). Følg vegen til endes gjennom bebyggelse til parkering. Her startar du turen langs Kvanndalselva på lett tursti merka med raude T, ar etter Utferdslaget på Voss si merka fram mot Rong. Følg merka sti til Kvanndalsstølen. Stien er flat og fin og etter ei stund kjem du til eit vegskilje med bru og du skal følgje raud merking over brua. Vegen rett fram går til Longeskor og Håli som også er merka og skilta.

Etter brua er det lett stigning, og du passerer Tveite ein vårflor med lokal postkasse og registreringsbok. Fortsett vidare på merka sti i brattare terreng, no kjem du til Haugan. Her har Turlaget postkasse med registreringsbok. Følg merkinga. Herfrå er det god stigning. Du skal krysse bekken ein gong til, og då kjem du til Kvilingarhaug. Her er det svært bratt, og det er laga til alternativ sti. Lenger opp kjem du til Budeielsåtto. No skal du gå mange svingar før du kjem til Stølsleet. Her flatar terrenget endeleg ut. Du nærmar deg Kvanndalsstølen der du finn turkassa på det eldste selet, som nærast er for ei steinbu å rekne.

Stølsstien er smal, krokete og bratt med varierande underlag.

Turtips 1: Frå Kvanndalsstølen kan du følgja merking vidare til Kvanndalsvatnet (ca 10 min.) Herifrå fortsett du på merka sti på høgre sida av vatnet, følg merkinga til Fossdal/Lussandsstølen ca. 45 min i lett terreng. Her er det også stølstrimregistrering. Herifrå er det grusa skogsveg, følg skogsveg ned til Lussand i ca. 45 min. Denne turen har flott utsikt ut fjorden.

Turtips 2: Gå over til Håstadbøstølen og registrer deg i boka der og gå evt nedatt denne vegen. Turen er merka og rydda.

Turtips 3: Gå vidare frå Fossdal/ Lussandstølen og opp til Herdabreidstølen og registrer deg i kassen der før du evt går vidare heilt opp til Kistenuten. Turen er merka.

Turtips 4; Gå frå Kvanndalsstølen og over til Rong som er ei DNT merka løype, og løype nr 13 i ruta som gå mellom Bergen og Oslo.

GOD TUR!

Granvin Turlag!

OBS! Venelaget for den gamle stølsvegen i Kvanndal og turlaget er i gang med å rydde skog for å tilrettelegge for bygging av steintrapper opp til Haugane denne sommaren/hausten . Det vil vera aktivitet med 4 sherpaer i perioden august/september, men og seinare på hausten kan det påreknast å vera folk i arbeid.

Annonse