Håheimsfjellet

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,7 km
  • 5 t
  • Rundtur
  • 968 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Håheimsfjellet byr på nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjordbrua, Grovabreen, Stardalen, Jostedalsbreen, Skjorta og Breimsvatnet. Med andre ord ein tur med mange vakre utsiktspunkt og naturopplevingar!

Denne ruta er spora med start ved Panorama Camping. Denne ruta vart merka som fjelltrim i 2017. Etter eit stykke kjem du inn på ruta frå Skei til Fyglastøylen. Denne ruta er lagt ved i lenka under. Den sistnemnde stien frå Skei sentrum er mest brukt og er tydelegare. Denne ligg litt slakare til i terrenget og er generelt betre å gå på enn stien opp frå frå Panorama.

Etter at du er komen over skoggrensa er den vanlegaste ruta å gå opp til Fyglastøylen og opp sida/botnen mot Håheimsfjellet. I dette sporet er denne ruta spora som nedstigning, men kan også nyttast som rute opp.

I denne skildringa har eg laga eit spor slik at du kan ta turen som ein rundtur. For å gå rundturen tek du av stien omlag der stiane frå Skei og Panorama kryssar kvarandre. Dette er like før du kryssar Haugaelva på veg mot Fyglastøylen. Når du har tatt av stien går du eit parti i myrlendt terreng i retning mot ryggen av ryggen på 771 moh. I det du startar på oppstigninga av ryggen finn du spor av ein sti, som i starten går bratt oppover ryggen. Når du kjem opp følgjer du ryggen innover mot toppen av Håheimsfjellet. På eit punkt kjem du inn att på stien som kjem opp frå Fyglastøylen. Herifrå går du mot toppen.

Sidan det i løpet av åra har vore ulike fjelltrimpostar, med ulike ruteval opp og ned på fjellet, er det både gamle og nye raude merker.

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Om du startar turen slik denne ruta er spora tek du av E39 ved Panorama Camping. Om du startar turen ved å gå starten av turen slik den er spora til Fyglastøylen parkerer du på Skei.
Annonse