Gallen er ein markert topp på Fonn innerst i Stardalen, og er starten på ein av dei eldre ferdselsvegane over Jostedalsbreen. Turen langs elva inn i Tverrdalen er i mektig natur og er eit fint turmål. Gallen byr på flott utsikt over Stardalen og fjella i kring. Stien opp til Gallen snor seg oppover fjellsida i bratt fjellterreng.
Frå Fonn går du i beitelandskap til brua som tek deg over Tverrdalselva. Stien går i austleg retning oppover og følgjer sørleg side av Tverrdalselva. Stien opp til Tverrdalen går i ope beitelandskap og har jamn og fin stigning heile vegen. Du passerer nasjonalparkgrensa før du kjem opp i Tverrdalen. Når du kjem inst i Tverrdalen ser du at det kjem fleire elvar som renn ned frå breen ovanfor deg. Du skal ikkje passere elvane.
Stien vidare opp til Gallen snor seg fint oppover fjellsida. Rett etter å ha passert elvane i Tverrdalen går den bratt oppover og tek deg i vestleg retning opp på ryggen (omlag 550 moh.). Du skal følgje denne ryggen eit stykke vidare oppover. Når du er på omlag 900 moh. går stien litt inn i fjellsida igjen. Her held du fram i sørvestlig retning opp til omlag 1000 moh. Her dreiar stien i meir vestleg retning og tek deg opp mot ryggen igjen. Det siste stykket opp mot ryggen, der du kjem opp på omlag 1250 moh. er noko brattare. Frå her går stien vidare på ryggen i sørleg retning opp mot toppen. Nokre få parti med lettare klyving undervegs.
Tips
På Gallen er det ei minneplate som er montert rett ved varden. I lenka som ligg ved turskildringa kan du lese historia om kvifor denne minneplata er plassert her.
Frå toppen av Gallen finn du spor av sti som tidlegare var ferdselsveg over breen til Luster. Det er fint terreng å gå i vidare over ryggen mot breen der du får flott breutsikt. Stien er ikkje merka, men du passerer nokre vardar. Du har bratt terreng på kvar side av ryggen, og må kunne orientere etter kart og kompass dersom det vert skodde i dette området mens du er der.
Elvane i Tverrdalen kan pga. bresmeltinga ha stor og kraftig vassføring også på varme sommardagar.
Det er ingen luftige parti på stien frå Tverrdalen og opp til Gallen. Du oppheld deg i ei bratt fjellside med bratt utsikt. Dette kan for nokon opplevast som ubehagelig. Stien kan vere tung for dei som ikkje er vande med å gå opp og ned i bratt terreng.
Pga. at det er ei bratt fjellside bør du ikkje gå vidare utan sikringsutstyr dersom du møter på snø i stien opp den bratte fjellsida til Gallen.
Fakta
Fonn-Tverrdalen: Omlag 2 km (4 km t/r) og 300 høgdemeter. Tid: 2 timar ein veg og 3,5 time t/r.
Fonn- Gallen: Omlag 3,8 km kvar veg (7,7 t/r) og 1 100 høgdemeter. Tid: 5 timar opp og 9 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Klakegg og køyr mot Stardalen til Fonn. Parkering på Fonn til venstre når du kjem til enden av fylkesvegen. Parkeringsplassen er ved nokre gamle fjøsmurar. Betaling med vipps for parkering.