Skarvedalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse

Lett tur til Skarvedalen i frå Gaularfjellet.

Gaularfjellet byr på mange fine turar, både vinter og sommar.

Dette er ein av dei kortare turane. Denne turen gjer du lett på ein ettermiddag, gjerne i følge med kjekke folk. Start ved å gå frå parkeringa på Gaularfjellet, der den tidligare brøytestasjonen var. Her i frå går det sti oppover mot Skarvedalsvatnet på nordsida av vegen. Følg stien over nokre haugar mot fossen som du ser kjem frå Skarvedalen, deretter på vestsida av eit lite vatn, for så oppover tydeleg sti mot Skarvedalen.

Skarvedalsvatnet er eit kjempeflott vatn å padle kajakk på, her kan ein og gå vidare til for eksempel Haukedalen eller til brekanten ved Storebjørn. Skarvedalen ligg i skille mellom behagelig landskap der vegitasjonen er grøn, for så vidare til røft brelandskap lenger inne.

Dette er eit flott landskap å leike seg i på ski om vinteren.

Adkomst med egen bil

Gaularfjell, parkeringsplass på toppen med flaggstang.

Adkomst med kollektivtransport

-
Annonse