(18) Stovegolvet Rundtur 703 moh

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,9 km
  • 3 t
  • Rundtur
  • 532 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Rundtur som startar frå Lundsseter kraftstasjon. Ein fylgjer merkt sti opp Tyseskaret til Eldhusheddo. Nyt utsikt over søndre del av Sunnhordlandsbassenget mot Halsnøy, Borgundøy og Valevåg. På toppen av skaret tek ein til høgre i stikrysset, bratt oppover mot Stovegolvet. No startar eit endå brattare parti der det er hengt ut tau som ein kan halda seg i. Først kjem ein til Varden 703 moh og vidare til Stovegolvet.

Namnet Stovegolvet kjem ifrå den store flata som openberrar seg på toppen, her er det like flatt og breitt som heime i stova. Her har Turlaget restaurert den gamle hytta som opprinneleg var bygd av Televerket til eit ny turlagshytte, Klatrehytta på Stovegolvet. Det gamle tårnet som Televerket også bygde er også blitt turlagshytte, kalla Tårnet.  

Følg fjellryggen på merka sti i nordaust retning til Kvelve og ta stien nedover retning Heio, men ta til høgre midt i Fossabrekko. Følg merka sti til Kyviksætra og tilbake til Lundsæter kraftstasjon. 

Adkomst med egen bil

Start og sluttpunkt: Kraftstasjonen på Lundsseter.

Adkomst med kollektivtransport

Annonse