Fjellrekka på Ålhus

Legg til huskeliste
Annonse

Dette er ein spesielt flott langtur som går ryggar og toppar der du kjem tett på dei flotte og bratte fjella på Ålhus i Jølster. Oppstigninga går via Skåhammarsegga før du går vidare over Syskardsnipa, Kvitsvornipa, Trollet og Blåfjellet. Gjennom heile dagen vil du ha storslått fjellnatur rundt deg.

Du startar turen på skogsveg opp mot Gotdalsstøylen. Før du kjem på støylen må du krysse elva. Denne kan vere noko utfordrande å krysse dersom det har vore mykje snøsmelting eller lange regnværsperiodar. Du kan finne restar etter dyretråkk å følgje opp mot ryggen som tek deg vidare til Skåhamarsegga. 

Frå Litlefjellet følgjer du ryggen i lett og fint terreng vestover mot Skåhammarsegga. Langs egga og opp sjølve Skåhammarsegga kan du følgje dyretråkk som ser ut som stiar. Egga ser brattare og meir utfordrande ut på avstand enn kva den er, og det er ikkje noko klyving. Du kan fint unngå luftige parti. Desse treng du berre oppsøke dersom du ønsker å sjå "rett ned" dei bratte sidene langs egga.

Frå toppen rundar du ned mot skaret og tek deg så opp i eit noko urete parti med ein del stein opp mot Syskarsnipa. Det er ein fordel at det er tørt terreng når du går stykket frå toppen av Skåhamarsegga til Syskardsnipa. Her er ein del sva og stein som kan bli glatt å gå på. 

Frå toppen av Syskardsnipa går du på tidvis tydeleg sti langs ryggen som vender sørover til Kvitsvornipa, Trollet og Blåfjellet. Underlaget over ryggen består av både stein og lyng og framstår som lett og fin å gå. Undervegs ned den kuperte ryggen har du trollbindande flott utsikt heile vegen, og får opplevde å kome veldig tett på dramatiske og bratte fjellsider. Du vil og kunne sjå attende til ryggen du gikk på opp til Skåhamarsegga. 

Vel framme på Trollet ventar dei tre karakteristiske vardane deg. Frå dette punktet finn du tidvis raude merke og god sti som er restar etter ein fjelltrimpost. Stien fører deg nedover beitelandskap og ned til ein skogsveg som fører deg til turens endemål på Nedrebø. 

Dette er ein godværstur der det er lurt å ha både god sikt og tørt terreng å gå i. Du oppheld deg på rygg med bratt terreng rundt deg store delar av dagen. Du må derfor kunne orientere deg etter kart og kompass. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Det er ulikt start- og sluttpunkt for denne turen. 

Start: Ta av til Ålhusdalen frå E39. På Indrebø kan du parkere på toppturparkeringa til Sunnfjord kommune. Om skogsvegen er open for køyring med bil kan du køyre skogsveg innover det flate partiet i dalføret. Bom kostar 50 kr (Vipps). Parker på anvist plass. Det er ikkje høve å køyre skogsvegen til endes med bil eller sykkel.

Slutt: Turen sluttar på Nedrebø. Ved driftsbygningen her kan du parkere bilen på tillaga Toppturparkering. 

Adkomst med kollektivtransport

Annonse