Nordstrandsfjella er ikkje blandt dei høgaste, men jammen er det mange fine plassar! Om ein vel å gå på ein topp, eller ynskjer å kombinere fleire, det er opp til deg.
Midtre Nordfjord Turlag arbeider med å merke fleire ruter, no blir denne turen merka etter turistforeninga sin standard.
Blånibba har fin utsikt til bla Breimsvatnet og Skjorta. På Svinestranda ser vi Gloppefjorden og på Svarthammaren ser vi mot Stryn.
Ein fin rundtur.