Startpunkt og parkering ved Trollbu. Turen til Brenndalen går på skogsveg. Frå utsynspunktet ved brenndalsselet ser ein utover Oldedalen og opp mot Vollfossen. Herifrå kan ein gå vidare innover til Brenndalsbreen. Det er farleg å gå lenger inn enn til svaberga, då det kan kome ras frå breen. Brenndalen er ein hengedal med bratte fjellsider som endar ut i Oldedalen. Turen til Brenndalen er lett og barnevennleg i flott vestlandsnatur. Like før ein kjem opp til utsiktspunktet ved Brenndalsselet, kan ein ta ein avstikkar til Setrane. Her stod det tidlegare tre skogalader som vart nytta til å lagre høy i.
I 2016 stod ei ny skogalade bygd i gamal lafteteknikk ferdig. Frå Brenndalen kan du også gå vidare mot Jakobsbu. Følg skilting.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemeldingUT.no er en tjeneste fra Den Norske Turistforening, i samarbeid med Statskog, Friluftsrådenes Landsforbund, Miljødirektoratet og Kartverket.
Med støtte fra Sparebankstiftelsen DNB.
Takk til alle som bidrar med turforslag, hytter, steder og annet innhold på UT.no!

Er du en fersking? Eller har du lyst til å dra på tur med andre? DNT arrangerer fellesturer, kurs og aktiviteter over hele landet!
Se oversikt
Trenger du turutstyr eller kart til turen? DNTs nettbutikk har godt utvalg av turkart for hele landet, samt turutstyr til medlemspriser.
Se dntbutikken.noOpphavsrett, der ikke annet er angitt, Den Norske Turistforening © 2026
Versjon: c32417a