Klovane

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

Turen startar på Oldevatn Camping. Parkering på nordsida av Gjølelva, sjå kart. Følg grusvegen til det første gardstunet. Ta til venstre opp ved sidan av ei raud løde, og deretter første veg til venstre. Stien er skilta/merka med raud måling heilt til toppen. Turen til Klovane er ein luftig tur med spektakulær utsikt over fjord, fjell, vatn og isbrear. Turen går gjennom bratt terreng på høgresida av Gjølelva. Mot slutten går ein gjennom eit bratt parti med noko kliving før ein når platået på toppen. Her kan du nyte utsikta frå Rake i nord til Melkevollsbreen i sør.

Slik kommer du deg dit

Annonse

Publisert av