Lomseggen: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Publisert av: Lom kommune
Annonse

Om turen

På denne turen går du inn i Breheimen nasjonalpark. Over tregrensa opnar utsikta seg til nasjonal-parkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I vest skjer Bøverdalen seg inn mellom dei høgaste toppane i Noreg og du har fint utsyn mot den høgaste av dei alle, Galdhøpiggen (2469 moh).

Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre og dreier til venstre opp forbi Norsk fjellsenter - besøkssenter nasjonalpark. Gå forbi Storstabburet og ta til venstre når du møter den asfalterte Solsidevegen. 200 meter etter herskaplege Sygard Andvord tek stigen av til høgre. Her er det skilta til Lomseggen, Bordvassvegen og Tor Jonsson-stuggu. Etter rundt 300 meter skil Bordvassvegen (raud merking) og ruta til Lomseggen (gul merking) lag.

Ruta til Lomseggen går rett ovanfor trædet (inngjerda beitemark) på Nordgard Andvord og held fram på ein skogsveg gjennom ein kvass høgresving. Ruta tek snart opp ein «snarveg» og kjem raskt opp på den øvre skogsvegen – fylgjer denne nesten til enden. Nå bryt ruta av frå skogsvegen. Oppe på hammaren dreier ruta vestleg og kryssar eit bekkedrag med godt drikkevatn. No er du inne i Breheimen Nasjonalpark. Ruta passerer Smithbua på 1150 moh og går i ein stor boge opp til det framre punktet på Lomseggen.

Frå Lomseggen kan du gå same veg attende eller følgje ruta vidare austover. Ruta går nedover eit drag i fjellet, noko bratt ned ved tregrensa. Stigen krysser ein skogsveg før ruta bryt av til høgre. Følg skogsvegen eit par hundre meter før ruta fortset på stig ned gjennom skogen. Når du er nesten nede går du gjennom ei grind, krysser ein bustadveg, går rett ned Hovsvegen og til venstre når du møter Solsidevegen. Følg denne i 200 m, ta til høgre på asfaltert veg i retning Lom sentrum.

Turinfo:

  • Fram til midten av juni kan det vera mykje snø på nordsida av ruta. Spør korleis tilhøva er i turistinformasjonen på Norsk fjellsenter

  • Tor Jonsson-stuggu er ope for omvisning på førespurnad, meir info på turistinformasjonen.

  • Smithbua på 1150 moh er ei steinbu som vart bygd for ein tysk biletkunstnar.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen ligg i Lom kommune i Oppland. Det er fint å starte turen frå Fossbergom (Lom sentrum), t.d. ved Norsk fjellsenter. Der er det stor parkeringsplass på motsatt side av Rv15.

Adkomst med offentlig transport

Bussterminalen ligg midt i sentrum, så det er lett å starte turen frå her. Dersom du går bort til Bakeriet og over brua langs RV15 mot Skjåk så ser du enkelt Norsk fjellsenter.
Annonse