Turen startar ved koplingsstasjonen på Litlabø. Følg vegen innover langs sørvestsida av Hustrudalsvatnet og deretter vidare forbi motorcrossbanen og innover Hustrudalen til skilt viser at du skal ta sti opp mot nordaust. Stien går rundt austsida av Grovaåsen og ned til nordaustsida av Rutletjørn. Her er det skilt som viser stien vidare opp til Dalskardsvatnet. Følg så merka sti rundt nordsida av Dalskardvatnet og sørover ned Dalskardalen til sti skilta nordaust for Løkåsen. Følg denne stien og deretter skogsvegen som kjem ned frå Stordalen. Her passerer du ein idyllisk benkeplass ved brua over elva. Etter brua følgjer du skogsvegen som dreiar mot sørvest ned til brua ved Rødkleiv. Følg derifrå vegen ned til Vaskeriplanet og vidare sørvest tilbake til koplingsstasjonen.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding