JÅMSFJELL I FYRESDAL

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,1 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 315 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Rute nr 35 Jåmsfjell-936 moh*
Fylg raudmerka løype frå Birte til eit stykke oppe i lia. Den blåmerka løypa tek av frå den raude rett opp ei lita li, etter eit lite myrdrag der stien går. Ver merksam på dette skiljet. Når du kjem opp på neste platå opnar dalen seg og det er lett å gå resten av stigen som nå går mykje på fjell. På toppen ser du vidt omkring i alle retningar. Det er fleire tjønnar å bade seg i om du vil det. Boka ligg i ei postkasse i ein fin varde laga i tre og stein. Det er fleire alternative umerka turar heim att, om Bergstadtjønn, eller sørover og ned til Krokstøyl.

Adkomst med egen bil

Tak av FV 355 ved krysset mot Birtedalen.Frå RV 401 i Løkjedalskrysset, Øvre og Nedre Birtedalen, køyr mot Øvre Birtedalen ca. 4 km. Tak til venstre over brua, hald retning mot Birte. Parkering heilt i sørenden av Birtevatn ved Birte.
Annonse