Rute nr.1 - Roan - 1191 moh.* Hauggrend
Frå informasjonstavla, fylgjer ein vegen ca. 200 meter aust før ein kryssar elva over brua. I den nedre delen går stigen i furuskog, vidare gjennom fjellbjørkeskog og opp mot snaufjellet til toppen, som er den høgaste i Fyresdal. Utsynet frå Roan-toppen er storslått. Herifrå kan ein i godvêr sjå store deler av fjellheimen i Telemark. Det er sett opp ei informasjonstavle som syner fjelltoppar frå i nordvest, søre delen av Hardangervidda mot Gaustatoppen (1 883 moh.) og vidare austetter mot Lifjell og nære fjellområde. Følg samme vegen tilbake til Røyningdalen. Hugs å skrive navnet ditt i boka.
Total lengde: 10 km. Stigning: 590 m. Terreng: Krevjande, bratt stigning.
Tak av FV 355 i Hauggrend mot Foldsæ og fylg vidare skilt mot Roan. Bomavgift. Køyr skilta skogsbilveg fram til parkering like før turvegen starter etter 4.5 km. Gå mot nord, over brua og følg blå merke.