Rute nr. 6 - Hegglandsnetten - 697 moh.
Hegglandsgrend
Gå inn grusvegen mot sør (v/skuterhus). Etter omlag 3 km, i den siste bakken mot det høgaste punktet, tek du til venstre. Det er fint å trille barnevogn hit, men ikkje den siste delen. Følg vidare blått merke til toppen nokre få hundre meter. Flott utsikt, lett tur. På toppen er det ei stor vêrpil der ein kan sjå vindretninga. Hugs å skrive namnet ditt i boka!
Total lengde: 7 km. Stigning: 120 m. Terreng: Lett tur, liten stigning.
Vi gjer merksam på at ruta er innteikna for hand. Fylg merka stig.