(11) Vad – Grov - Vad

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,7 km
  • 3 t
  • Rundtur
  • 543 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar ved den nye parkeringsplassen på Vadvegen 400 m før Vad der inormasjonstavlene for turane står. NB! Parkeringsplassen ved elva på Vad skal ikkje nyttast. Ein følgjer Vadvegen og tar inn på skogsbilvegen, som er stengt for bilkøyring, og etter om lag 1 km er ein igjen ved elva, men litt lenger oppe. Her er det fint både å bada og prøva fiskelykka etter elveauren. Berre 150 m lenger framme ser ein Hauglandskvedno, med gapahuk. bålpanne, bord og benker. Løypa går vidare i nordaustleg retning, først ca. 400 m på ny sti, før ein er inne på ny skogsbilveg med hogstfelt langsetter vegen. Etter om lag 1 km er ein framme ved Fjellvegen rett nedanfor Eikjekleiv, kryss vegen og ta av på traktorveg. Etter om lag 1 km kjem ein inn på nylaga sti delvis laga av trestammer/klopper, og ein har Grovalio på venstre hand. Straks er ein igjen inne på turrare sti og framme ved ny skogsveg. Ein endrar retning mot aust og følgjer skogsbilvegen om lag 1 km ned til Grovaelva. Her er gangbru. Berre 250 m lenger framme kjem ein til E39.

Vidare tilbake mot Vad tek ein av i første krysset til høgre etter elva, og igjen er det på nyare skogsbilveg. Lenger framme kjem ein tilbake på Fjellvegen, om lag 400 m austom førre kryss ved same veg. Løypa går no på

asfaltert veg om lag 150 m i søraustleg retning, og bryt så av på traktorveg mot sørvest. Traktorvegen er litt nedsliten med noko overflatevatn enkelte stadar. Vegen fører forbi inngjerda beiteområde og går over i sti. Ein er då snart ved Buskasmogbekkjen, stien kjem in på traktorspor før ein straks er framme ved vegen der ein starta turen og p-plassen i sørleg retning.

Adkomst med egen bil

Ta av på E39 ved Ådlandsvatnet og følg Fjellgardsvegen. Hald til høgre etter 400 m og fortset på Fjellgardsvegen til saman 1,8 km. Ta til venstre i vegkryss inn på Vadvegen og følg den ca 200 m til parkeringsplass med infoskilt om turane på venstre side. Her startar turen. Bruk ikkje p-plassen ved Vad då den ein lett blokkerer for større transport til og frå garden på Vad.

Annonse