Dette er ein klassisk søndagstur som går etter ei løype som gjev deg naturopplevingar heile vegen. Turen fylgjer grusvegen inn til Landåsvatnet, der ein tek til venstre mot Skjephaugen. I neste kryss er det eit oversiktskart og skilting mot Eventyrskogen – ei unik framstilling av norske folkeeventyr langs skogsvegen.
Dette er eit særskilt interessant turmål for dei aller minste. I neste kryss tek ein til høgre attende til Landåsvatnet for å fullføra rundturen.