(25) Nordhuglo - Høgafjedlet (Varden)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,1 km
  • 3 t
  • Rundtur
  • 479 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Følg vegen opp frå ferjekaien ca. 500 m, ta til venstre og gjennom to gardstun. Her tek stien til Høgafjedlet (Varden) til, litt vått i starten. Etter nokre hundre meter kryss med sti til Tveit. Det er god sti opp mot toppen, men litt myrlendt nokre stader, så hugs gode sko. Turen opp til toppen tar ca. 1 time. Frå toppen ei flott utsikt i alle retningar, mot Stord, Tysnes, Kvinnherad og inn til Varaldsøy. Nedturen går mot sør, litt bratt i starten.

Etter kvart kjem ein inn i fint skogsterreng og ned til vegen frå Tveit til Haukanes (Vegstubben 1913). Ein fylgjer her vegen til høgre mot Tveit og vidare attende til Nordhuglo.

Adkomst med egen bil

Start og sluttpunkt: Ferjekaia Nordhuglo Parkering: På ferjekaien på Jektavik, ein treng ikkje ta med bil over til Nordhuglo, turen startar på ferjekaien.
Annonse

on the path