Følg merkt sti opp Tyseskaret til Eldhusheddo og ned Steinasmoget, langs Tysevatnet over bru ved Storekleiv og opp til Sørlileite til høgre i stikryss rett etter brua. Gå ikkje ned i Sørlio, men ta stien til høgre ved stor stein, og inn langs Mjølkeråno til Store Tjødnadalen og kryss med sti frå Mehammarsåto/Børtveit. Vidare mot sør opp i Litle Tjødnadalen om Martebrotet og ned Kvelve. Midt i Fossabrekko tek ein stien ned til Kyviksætra og til høgre på skogsveg attende til parkeringsplass.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding