TJØNNEFJELL I FYRESDAL

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,4 km
  • 4 t
  • Rundtur
  • 481 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Rute nr. 5 - Tjønnefjell - 1065 moh.*
Åslandsgrend.
Stigen startar langs ein traktorveg etter å ha kryssa elva. Etter ca. 100 meter tek ein til høgre og fylgjer gammal heiveg. Stigen er delvis merkt, stigen via Granakjær, elles er det er god gangstig til vardane på Flæune. Ved Tegelsteinsvarden går ein bratt rett opp til venstre. Ca 200 meter lenger opp tek ein til høgre inn i skaret mot toppen. På det høgaste punktet ser ein varden der boka ligg. På turen ned att kan ein følgje kanten ut mot Tjønnekvæven og snu austover til ein kjem ned på stigen ein gjekk opp. Flott tur om sommaren. Hugs å skrive namnet ditt i boka!
 

Adkomst med egen bil

Tak av FV 355 i Hegglandsgrend mot Kleivgrend. Fylg skilt til Åslandsgrend etter omlag 2,5 km og vidare skilt til Tjønnefjell etter nye 2,5 km. Køyr 1 km til enden av vegen og parker der.
Annonse