Over halve turen går på skogsbil- og traktorveg uansett kvar du startar. Deretter er det nokså tørre stiar, men parti med fuktig terreng. Stiane skiftar mellom lett terreng og nokre bratte stigningar. På toppen kan du nyta flott utsikt over Ølensvåg og nabobygdene.