Frå Parkeringsplassen på Tøsdal følgjer du stien oppover beitene og gjennom granfeltet. Om det er dyr på beitene må du passe på at du lukka at grindane. Følg stien innover øvste stemmedalen i omlag 4 km. Innst i Øvste Stemmedalen kjem du til eit kryss t kryss der det er skiltet til opp mot Møsnuken. Her tek du til høgre ned Tveitaskaret.Her er ikkje alle skilta komen på plass, men stien ned til Tveit er relatvit god å følgje. Eit lite stykke etter at du har begynt på vegen ned Tveitaskaret er det skilta inn til Flyvraket. Under 2.verdskrig styrta eit tysk militærfly av typen Junkers JU88 i fjellveggen, og restane frå flyet ligg i området.
Turen frå Tøsdal til Tveit er på omlag 5,6 km og første del er ganske bratt, men underlaget er bra.Når ein kjem overanfor granfeltet på Tøsdal er relativt lett terreng innover dalen. Dugnadsgjengen i Os Turlag har lagt flott tilrette med kloppar, bruer og trapper der det har vore vanskjeleg å ta seg fram. I Tveitaskaret og ned til F137 er det bratt og ulent, så ein må vera konsentrert.
Tips:I helgane kan ein sette ein bil inne ved Hegglandsdalen skule, slik at du har transport tilbake når du kjem ned frå fjellet.
Det er busstopp like i nærleiken av der du kjem ned på Tveit. Du kan ta rute 606 inn til Osøyro. Sjå ruteinformasjon på skyss.no