Fottur til Husstøylen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,1 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 360 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Turen til Husstøylen er ein enkel tur som passar for dei fleste turvandrarar. Du går på skogsveg heile vegen opp, der du har god utsikt vestover Jølstravatnet. Koseleg støyl med fleire sel og hytter som møter deg i enden av turmålet.

Frå parkeringa ved Jølstravatnet følgjer du den grusa skogsvegen i nordvestleg retning oppover. Ovanfor gardane på Hus passerer du ein velteplass. Her dreiar skogsvegen mot nord, og vert noko brattare vidare oppover til Husstøylen.

Tips
Nedanfor kraftlinja kan du frå skogsvegen ta deg austover mot Blomlihytta, Husnova og Emilvegen. Sjå lenke for tursdildring opp og ned Emilvegen til Husnova.

For å få enno betre utsikt vestover Jølstravatnet er det lurt å gå litt oppover bakkane bak støylen. Då får du vid utsikt over både Jølstravatnet og alle støylshusa på Husstøylen.

Det er ein gamal litt gjengrodd sti som går nordover inn dalføret til Helgheimsstøylen. Stien går i lia over myrane og lyngterrenget aust for Helgheimselva.

Om du ønsker deg ein litt lenger fjelltur kan du gå opp Husdalen og opp på Blåfjellet frå Husstøylen. Blåfjellet er ein av toppane du ser i Nikolai Astrup sitt måleri Isdronninga.

Fakta
Lengde, høgdemeter tid ein veg og tid begge vegar. Ev tips rundt delmål Turen er på omlag 2,5 km kvar veg og 5 km t/r, og er på 360 høgdemeter. Tid: 1,5 time opp, og 2,5 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Turstart litt aust for grenda Hus, og vest for Haugen der Panorama camping ligg. Ta av Jølstravegen (E39) ved skogsveg.

Bra parkeringsplass ved turstart rett ved Jølstravegen (E39). Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikk opp skogsvegen.

Adkomst med kollektivtransport

Sjå rutetabellane for bussar som går langs Jølstravegen (E39). Gå av busshaldeplass på ved Hus.

Annonse