Turen tek ca. 2 t ein veg, og går frå 20 moh. til 764 moh.
Parkering like ved Avsnestunnelen på vestsida. Stien er skilta og merka like ved tunnelen. Stien går jamnt bratt oppover til skoggrensa. Over skoggrensa er det slakkare stigning. Ved Vattekarstølen møtast stiane frå Avsnes og Myrekrok som går til Fløyen.
Ta av til Avsnesstrand frå E39 rett vest for Bogstunnelen. Følg vegen ca. 2,8 km. Køyr gjennom Avsnestunnelen. Parkering på høgre side av vegen like etter tunnelen. Alternativ parkering ca. 50 meter mot Vadheim på snuplass venstre side av vegen.