Årdal i Jølster til Kandal i Gloppen

Legg til huskeliste
Annonse

Dette er ein nydeleg langtur igjennom vakre dalføre mellom Jølster og Gloppen. Undervegs er det veldig flott og mektig vestnadsnatur å oppleve. 

Du startar turen på Legestøylen i Årdal i Jølster. Du går på tydeleg og god sti opp til Stigsvatnet der du føl god god sti langs vatnet. Turen vidare er godt merka innover Kupa og opp i skaret. Tidvis god merking og sti vidare til Kattadalen og Vetledalen. Pass på å følg sti når du tek deg ned frå Vetledalen til den langstrakte Botnen som vender nedover mot Myklandsstøylen. Du går i idyllisk og velholdt beitelandskap på fin sti heilt ned til støylen, der det framleis er sommardrift. Vegen går vidare på skogsveg og vidare på bilveg som går til gardstuna i Kandal heilt ned til Sylvane gard i Kandal ved Breimsvatnet. 

Turen høver seg best å gå seinsommar eller om hausten før snøen legg seg på toppane. Dette pga. at det ofte er harde og svært utfordrande snøfenner å passere langs Stigsvatnet, der det og er rasutsett punkt som skal passerast. Om det er is på Stigsvatnet må du ikkje velje å gå over det snø- og isdekte vatnet i vår- og sommarsesongen. Merk deg at det er snømengda om vinteren, og snøsmeltinga om våren, som bestemmer når det er trygt nok til å gå langs Stigsvatnet. Somme år kan ein starte å gå i juni, mens ein på enkelte sesongar må avvente til langt ut i august. Om du er usikker kan det vere lurt å ta kontakt med Indre Sunnfjord Turlag for å undersøke forholda før du legg ut på tur.

Det er relativt grei merking og synleg sti heile ruta, men den kan tidvis vere noko vanskeleg å sjå. Det er ein godværstur, som krev at du meistrar å orientere etter kart og kompass. 

AC Kapstad for IST 

Adkomst med egen bil

Du må oranisere deg med to bilar eller skyss for å gjennomføre denne turen. 

Jølster: Ta av E39 og køyr til Årdal. Vel den austlegaste skogsvegen frå Erikstad til legestøylen. Betale bommen med Vipps. Det er laga til fin parkering like før du kjem til Legestøylen. 

Gloppen: Turen sluttar i i sentrum i Kandal i Gloppen kommune. Om du har sjåfør som vil hente deg ved Myklandsstøylen kan denne mot bombetaling hente deg heilt inne ved støylen.

Annonse