Parker ved vegen opp til Byrkjesete, evt køyr opp til stølen dersom nokon har bomnøkkel. Oppe på stølen tek du til venstre, retning Kvennaskogen. Etter ca 100 m tek du til høgre, på tydleg sti (etterkvart) som går forbi hytta du ser på bildet . Like før sjølve høgda på Nipen (toppen med ei høg mast på) tek du til høgre opp ein liten motbakke. Du har då eit lite vatn nede til venstre, følg tydeleg sti nordover – retning Iendefjell, som du straks får sjå framfor deg. Du passerer etterkvart nokre små «pyttar» både til høgre og til venstre. Utsikten ved Heljesteinen er storslagen mot både Byrkjefjell, Fotasperrnuten, Iendefjell, nedre og og øvre Steinskvanndalen.