Store Høydal Håsteinen

Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    7,3 km
    3 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Mai - okt

Turen startar i Store Høydal. Du fylgjer skogsvegen på venstre sida langsmed elva. Parkering ved grustak ca. 50 meter forbi skogsveien, retning Stavang. På skogsvegen og stien opp finn du nokre raude merker og vardar. Gå på skogsveg og sti til slettene mot Høydalsvatnet . Ta av frå skogssveg og gå gjennom grinda som det står game malingspann på. Litt lenger opp krysser du elva på bru og fortset stien innover. Gå innover mot Høydalsvatnet og videre oppover ein fjell ryggen til du kjem opp og det er skilt som viser til Høydalsnipa. Der er det to skar å velge på Eit som er merka, men det som sporet her er lagt inn er ikkje merka. Den blei gått opp i juni og då låg det ei stor fonn i den merka ruta, Ruta er varda opp og du kjem i på merkinga att når du er på Håsteinplatået.

Det er ein fin tur å gå bortom Høydalsnipa

Håsteinen platået består av tre toppar Inste Håsteinen 965 moh, Yste Håsteinen 915 moh og Høydalsnipa 933 moh.

Sporet som ligg har ein gått frå toppen og ned

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar frå Store Høydal. Vi startar på skogsveg (elv på høgre side av skogsvegen). Parkering ved grustak ca. 50 meter nærmare Stavang
Annonse