Rundtur Spildadalen Dale – Storlid - Fagnastøl

Legg til huskeliste
Annonse

RUNDTUR i SPILDALEN

Høgdemeter over havet: om lag 660 på det høgaste

Lengde: 17 km

Tid: 2-3 timar

Gradering: Dett er ein lett og fin tur som passar alle.

Vegskildring: Skildring av turvegen til stølane:

Dale – Storlid og Fagnastøl som ligg i Seim- Spildadalen.

Turen startar med at ein tek fjellvegen som startar på Spildo og går opp til Dikje ca 4. km. Dette er ein traktorveg der ein bør ha firhjulsdrift om ein ynskjer køyra opp – Det er ikkje tilrådeleg å køyra lenger enn til Skeidset.

På toppen av dei første stigningane kjem ein til Kleivane. Her startar vegen til stølen Dale.

Vegen går over brua og føl deretter traktorvegen innover ein liten km før han svingar av og tek oppover i eit plantefelt. Her er det godt merkt.

Postkassa er plassert på uthuset som er det første ein møter!

Stølen Storlid og Fagnastøl.

Skal ein til stølane Storlid og Fagnastøl fortset ein etter traktorvegen som fortset innover frå Kleivane. Traktorvegen går heilt til Dikje som ligg på toppen av stigningane etter Skeidset. Frå Dikje går det ein nylaga skogsveg langs elva oppover til Storlid. Her er stien godt merka. Postkassa er plassert på stølshuset i Storlid.

Skal ein vidare til Fagnastøl går ein traktorvegen tilbake til ein møter eit vegkryss der vegen til Aunaset startar. Føl denne vegen til ein er over brua – deretter svingar stien ned til høgre og føl elva nedover – på motsett side av der ein gjekk opp. Her er stien godt merka. Etter eit stykke svingar vegen innover eit myrdrag til ein møter elva som kjem frå Vaoe – her er det bru. Etter det kjem ein til stølen Odden – derifrå fortset stien over eit nytt myrdrag til ein møter elva frå Seldalen – her er ei ny bru som ein må over. Deretter føl vegen elva innover til ein kjem til stølen Fagnastøl. Postkassa er plassert i tufta etter selet til Simon Seim Sandlund.

Turen tilbake vil ein føreslå går langs elva heim til Skeidset. Etter ca 200 -250 meter etter å ha passert brua heimom Odden tek det av ein gangeveg som føl elva heim til Skeidset.

Staden der denne vegen tek av er godt merka med skilt.

Om ein ynskjer gå andre vegen frå Skeidset til Fagnastøl og deretter til Storlid er det å følgja turskildringa andre vegen.

GOD TUR!

Annonse