Håstadbøstølen

Legg til huskeliste
Annonse

HÅSTADBØSTØLEN

Høgdemeter over havet: 475 m

Lengde: ca 2,5 km

Tid: 1,5- 2 timar frå parkering ein veg

Gradering: tung tur

Vegskildring: Køyr riksveg 7 mot Kvanndal ca. 11 km, og forbi Fyrneset. Du ser straks parkeringa på høgre side der tidlegare Løflotsstova ( Husmannsplass) stod. Her har vi merka med skilt slik at parkeringa er lett å sjå når du kjem køyrande. Det er og ei lomme på venstre side av vegen der ein kan parkere. No føl du den bratte skogsvegen oppover i omlag 15 minutt til du kjem opp til sjølve garden Håstabba. Skogsvegen går vidare lett til høgre og oppover. Ved endes av skogsvegen der du ser store skotsteinar i vegen skal du ta av bratt og rett opp til høgre på ein liten sti. Her er det godt merka. Denne føl du langt oppover og undervegs kjem du til eit flott utsiktspunkt der vi har rydda vekk ein del tre, for at vi skal sjå fjorden betre. Her må du ta ein pause og ta bilete.

No vert det endå brattare til du kjem til endes av dette partiet. Du møter ein rynning av granskog, og når du har gått gjennom denne tar du mot høgre mot Kvanndal igjen. Føl merkinga. Stien flater noko ut og er lett å følgje. Du kan nesten sjå ned til Kvanndal sentrum etter kvart. Vidare går vi oppover og inn i skogen igjen mot venstre og følgjer stien forbi «Skimuseet» , som er gamle tufter på venstre side. Her har vi sett opp skilt. Stien går framleis oppover i skogen og nok ein gong kjem du til eit fantastisk utsiktspunkt som vi har rydda. No er du oppe på det høgaste på denne turen. Brått er du oppe på flatene og «Endresmyra» ,og her har vi også sett opp skilt. No er det nesten flatt og fint utover mot sjølve stølen. Du ser Skamdalshorgi mot deg heile vegen og går mot Kvanndal igjen. Du vil passere ein bekk utover og finne ein større varde på ein liten fjellknaus. Då kan du lett sjå stølen inne på ei flate omkransa av mykje skog. Denne turen har flott utsikt ut fjorden!

Turtips: Du kan gå vidare til Kvanndalsstølen herifrå og over til Lussand om du vil. Det er merka mellom Håstadbøstølen og Kvanndalsstølen slik at du kan gå opp eine vegen og nedatt andre vegen.

GOD TUR!

Annonse