Nutestølen frå hamre

Publisert av privatperson
Ingen kontakt med varsom.no. Vi får ikke koblet opp mot varsom.no og kan derfor ikke garantere at det er trygt i dette området. Vi anbefaler å sjekke dette på varsom.no.
Annonse

Om turen

Nutestølen på Hamre.

Høgdemeter over havet: 620 m

Lengde: ca 2 km

Tid: 1,5- 2 timar frå parkering ein veg

Gradering: tung tur

Vegskildring: Turvegen opp til Nutestølen starta ved Hamrevegen 574. Her heng eit skilt med ”NUTEN” .

I starten fylgjer ein skogsvegen forbi taubanen til Seljenuten og vidare opp til Mjølstølen der taubanen til Nutestølen startar. Her tek ein av til venstre og fortset på skrå utover og oppover forbi Bustein og vidare mot Skitnasetebakken.

Vegen opp Skitnasetebakken er svært bratt og difor utbetra med fleire trepper. På toppen av bakken svingar vegen litt til venstre og fortset oppover på kryss og tvers til ein kjem opp til den nederste taubanestøtta. Vegen går så vidare på kryss og tvers forbi taubanehuset og hytta til den endar opp i den øvste av dei gamle stølstuftene der postboksen til Granvin Turlag heng. Her endar den merka turvegen.

Turvegen er merka med raudt langs heile vegen.

Vegen frå Hamre opp til Nutestølen er bratt og noko ulendt. Trepper er vortne laga på dei verste plassane, men likevel er turen krevjande. Gode tursko er difor viktig, ikkje minst på vegen ned att. Det er om lag 100 trepper totalt på denne turen.

Turtips 1: Du kan gå over Middagsvarden og ned i juvet , for å komme deg over til Seljenuten og nedatt derifrå.

Turtips 2:Du kan gå vidare til Oksen herifrå. Du kjem innpå raudmerka løypa som går frå Seljenuten etter kvart som du gå oppover.

GOD TUR!

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse
Ingen kontakt med varsom.no. Vi får ikke koblet opp mot varsom.no og kan derfor ikke garantere at det er trygt i dette området. Vi anbefaler å sjekke dette på varsom.no.