Stokksel

Publisert av privatperson
Ingen kontakt med varsom.no. Vi får ikke koblet opp mot varsom.no og kan derfor ikke garantere at det er trygt i dette området. Vi anbefaler å sjekke dette på varsom.no.
Annonse

Om turen

STOKKSEL

Høgdemeter over havet: ca 440

Lengde: Etter bilveg frå krysset Tveitavegen/Kjerlandsvegen: 3,5 km. Gangveg frå Risbrue til Gjele og vidare på bilveg til Stokksel: 2,5 km. Gangveg frå Risbrue til Gjele og via Seljeskore: 3,5 km

Tid; ca 1 time. Via Seljeskore: 1,5-2 timar

Gradering: Middels. Via Seljeskore: Middels/tung

Vegskildring: Ta av frå RV 7 ved Kollanes og følg Kjerlandsvegen forbi Kjerland Gardsbutikk, ned ein bratt bakke og over ei bru . Til venstre byrjar gangvegen til Stokksel/Tveito og her er det parkeringsplass.(Føl du bilvegen 100 m til og tek til venstre, er du på bilvegen til Tveito/Stokksel.)

Gå over Risbrue og gjennom ei grind. Du er no i Risbruhagen og føl tydeleg sti heilt opp til bilvegen til Stokksel/Tveito, Gjele. NB! Det kan vera hestar/sauer på beite her. Lat att grinder ! Det er fleire skilt med namn på stader i Risbruhagen. Eitt av skilta er Hyrpestien (Etter elva Hyrpo). Dette er ein bratt snarveg opp mot fossen og til Kløve(t) der du møter hovudstien att. Øvst i Risbruhagen går du gjennom ei grind og kjem til Orrefloten. Dette var slåttemark for gardane på Tveito. Ta skarpt høgre på traktorveg siste 50 m før bilveg.

Du er no i krysset bilveg til Stokksel/Tveito, Gjele . Du har no to alternativ.

Alternativ 1: Gå bilvegen til Stokksel. Du passerer Storilagshaug og Ljosegraobekkjen før vegen flatar ut og du kjem til eit vegkryss. Gå rett fram. Rett etter skilt for parkering, tek du vegen til venstre og går gjennom ei grind. Du er no på Storatræet på Stokksel. Etter ca 150 m er det ei tømra løe på venstre side av vegen. Her finn du turkassa.

Alternativ 2: Seljeskore-Stokksel. Dette er ein litt tyngre/lengre veg, men ein fin tur med god utsikt over dalen og sentrumsområdet i Granvin. Føl bilvegen til Tveito ca 350 m til skilt Seljeskore på høgre side av vegen. Her er merka sti som etter ca 100 m svingar mot høgre. Du kjem opp på ein fjellhammar, Skoraberget. Her er det bratt utfor, men grei sti. Du kjem til ei grind og no er du i Skore.( Hugs å lata att grindar. Sauer/ver på beite !) Her var det gammal slåttemark og du ser mur etter løe (Tveitoslåtta) . Vidare i grei sti i jamn stigning. Du går gjennom ei ny grind og no er du i Seljeskore. Etter om lag 100 m med mykje bregner, kjem du til ei ny løtuft ( Kjerlandslåtta). Vegen går vidare oppover i fin bjørkeskog. Her får du etter kvart utsikt innover Stokkseldalen. Du går så inn i stor granskog og kjem til Jadlane. Du går forbi ei løtuft og kjem snart til eit vegdele. Skilt viser vegen til Stokksel. Følg merkinga, for her kan stien vera utydeleg. Du går jamt nedover i granskogen, passerer tuft etter Midtslåtteløo og går over Ljosegraobekken. No vert det meir lauvskog og litt opnare landskap. Gå over ein liten bekk og over eit myrområde. Du kjem så ned til ein traktorveg og eit sel. Ta ned til venstre ved selet og så kjem du ned på ny traktorveg. Ta til venstre på denne vegen, gå gjennom ei grind og etter ca 150 m er det ei tømra løe på venstre sida av vegen. Her finn du turkassa.

Du kan sjølvsagt gå bilvegen til Stokksel. Du kan og køyra 2 km til til Gjele, parkera der og gå resten. Viss du køyrer til Stokksel, vert det lite Stølstrim og du må dessutan betala bompengar på Stokkselvegen!

GOD TUR !

Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse
Ingen kontakt med varsom.no. Vi får ikke koblet opp mot varsom.no og kan derfor ikke garantere at det er trygt i dette området. Vi anbefaler å sjekke dette på varsom.no.