Kjetilsnuten

Publisert av: Kvam Turlag

Kjetilsnuten

På skogsveg til Flatebotnane (bomveg). Deretter på T-merka rute mot Vending. Litt før Geitastølen (raud merkepinne) går stien oppover mot Nilsabakken. Etter kryssing av elva går stien bratt oppover før ein kan ta ein velfortent pause ved elva for å nyta den vakre Honskusdalen. Turen går vidare inn dalen før stien dreiar mot vest med Skrivarnuten på høgre hand. Ved sauene sin saltstein, går turen rett mot sør langs ryggen mot Kjetilsnuten. Føl raude merkepinnar. Kjetilsnuten (1026 moh) som gjev flott utsyn over Øystesevassdraget, Vossadalsvatnet, Hamlagrø og fjella rundt.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Rv 7, ta til Fijadalen ved Øystese. Parkering ved vegs ende.

Adkomst med offentlig transport

Buss til Øystese. Taxi til Fitjadalen