Lett tur til Nystølen på Nygard i Modalen - rundtur

Legg til huskeliste
Annonse

Flat tur for heile familien - både til fots og på ski.

Ruta inn til den tidlegare geitestølen Nystølen, som ligg i enden av Steinavatnet, går på godt tråkka sti. Den startar ved P-plass ved Steinavatnet, eller ein kan også starte i Osen ved innløpet til Kvanndalen. Løypa går langs austsida av Steinavatnet til Nystølen og vidare nordover til bru over elva. Ruta går frå brua og skrått ned att til vatnet, og stien følgjer nær vatnkanten attende til startpunktet. Turkasse like ved stølen.

Om vinteren frys vanlegvis Steinavatnet til, og turen inn til kyrastølen ved Nystølen er populær for heile familien. Ein kan gå over vatnet når isen er trygg, eller følge lia på vestsida. Det er også en fin ekstratur å gå over Svartavatnet og få utsikt ned mot Steinslandsvatnet i Modalen.

Adkomst med egen bil

Frå Mo via Øvre Helland til Nygard. Parkering på P-plass ved Steinavatnet eller i Osen ved innløpet til Kvanndalen.
Annonse