Rotsethornet - Rotevatnet

Publisert av privatperson
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Krevende
  • Lengde og varighet
    8,0 km
    3 timer
    En vei
  • Sesong
    Mai - okt

Dette er ein tur opp på "framsida" av Rotsethornet. Ein bratt men fin tur og som gir fantastisk utsikt på toppen. Utgangspunktet er ved Rotsettunnelen. Første stykke går på grus/skogsveg til Kalsethola. Ingen hole, men ein fin plass for rast.
Derifrå går stien bratt oppover. Enkelte utfordrande parti, men det er lagt ut tau, kjetting og jern i berget for enklare forsering.
På Aksla flater terrenget ut eit lite stykke før det blir brattare mot toppen igjen.
Turen bakover frå toppen mot Litledalen er fin å gå. Nedstigninga mot Rotevatnet går i skog. Ein kjem inn på skogsveg og føl "hovudvegen" til grusvegen ved Rotevatnet.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Rotsettunnelen (E39) like i nærheita av Volda.
Dette turforslaget er laget og publisert av en privatperson. UT.no er ikke ansvarlig for feil eller mangler i turforslaget, og kan ikke bli holdt ansvarlig for skader eller situasjoner som måtte oppstå hvis du følger denne turen.
Annonse