Fin rasteplass for familiar. Frå utsiktspunktet ser ein heile Eidsbygda og fjella mot sør.
Turen er ca. 1 km lang og går på stigande grusveg frå velteplassen på Rindane, opp til naturmøteplassen. Her kan ein raste under tak i den flotte gapahuken som Hestehoven 4H har laga til. Det er også ein fin open utedo baki skauen. Her er og fint å henge opp hengekøyer.
Vil ein ha ein lengre fjelltur, kan ein gå opp Raudstrekråsa (noko bratt), som er skilta mot høgre like før ein kjem til Gildra. Sjå eigen turskildring til Rindehornet.
Eller ta turen videre til Alsåkersætra som fortset vidare forbi Gildra.