Moskusstien på Dovrefjell (lang løype) - The Dovrefjell Musk Ox Trail (long trail)

Publisert av: Dovre Kommune 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    12,9 km
    4 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Jun - okt

Om moskusen:

På Dovrefjell finner du den eneste bestanden av moskus i Norge. Dyrene stammer fra moskus som ble innført fra Grønland på 1950-tallet. Moskusstammen utgjør i dag ca 250 dyr og den leveområde er innenfor Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark..

Husk å holde avstand til moskusen! Hvis moskusen føler seg truet kan den angripe. Den er raskere enn deg (0-60 km/t på et sekund)! Derfor ber vi deg om å gå i en bue rundt dyra hvis du ser dem langs stien. Hold minst 200 meters avstand, så unngår du å forstyrre moskusen.
Tidlig på sommeren kan det også stå moskus nede i bjørkeskogen, så vær oppmerksom.

Ved å holde deg på Moskusstien bidrar du også til å ta vare på villreinen i området. Det er viktig å redusere trafikken av turgåere innover i Stroplsjødalen, hvor villreinen vandrer.

Stien er merket med trestolper med nasjonalparklogo og i alle stikryss står det infoskilt med kart. Takk for at du følger stien, og god tur!

Turbeskrivelse:

Turen er i overkant av 12 km og tek om lag 4 timar i roleg tempo med matpause undervegs.

Starta frå parkeringsplass ved Jøroskloppa, som ligg på østsida av E6, litt nord for Grønbakken, i retning Kongsvold Fjeldstue. Det er litt vanskeleg å finne startpunktet for stien, men den går på venstre side av snøskjermane i retning Grønbakken. Der finn ein kart over moskusstien og skilting vidare. Du kryssar E6 (vær varsam!) og held fram under jernbanen. Vidare fylgjer ein stien mot Reinheim. I starten er det litt vanskeleg å finne rett sti, men ein skal fylgje den som kryssar elva. Ein passerer verneskiltet for nasjonalparken og kjem etter kvart til eit stiskilje der det er skilt med bru og moskusstiskilt mot høgre. Ein kryssar brua og etter ei stund får ein flott utsikt mot Snøhetta, på ein klar dag.

Etter nokre kilometer kjem ein til eit nytt stiskilje. Her tar ein mot høgre (østover), fylgjer stien nedover mot bjørkeskogen og vidare ned gjennom skogen til E6 og Kongsvold Fjeldstue. (I detta stiskilje kan ein óg ta inn på den nordlege delen av "Den korte Moskusstien", som tek deg ned mot Kongsvoll stasjon i staden, ca 2 km lenger). Fylgjer ein "lang løype", som vist på kartet, kjem ein ned til E6, kryssar den og held fram på pilegrimsvegen sørover tilbake til startpunktet. Pilegrimsleden går til venstre for fjellhagen på Kongsvold og er godt skilta når ein har kryssa markane der. Vidare er det godt merka med både pilegrimsskilt og moskusstiskilt. På denne stien sitt høgste punkt er det flott utsikt både mot Snøhetta og Rondane.

Tips: Turen passar for alle. Det er lurt å ha vasstette sko og niste. Her er mange elvar og bekkar undervegs som hund og folk kan finne drikke i. Hugs kikert! Kanskje ser du ikkje moskus, men dyrelivet er rikt med mellom anna rype, rovfuglar og rådyr, samt nokre flotte 2000-meters toppar i bakgrunnen. God tur!

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Turen startar ved parkeringa ved Jøroskloppa, som ligg langs E6 over Dovrefjell, rett nord for Grønbakken, og nokre få kilometer sør for Kongsvold Fjeldstue. Turen kan også startast frå Kongsvold Fjellstue. (Sjå teksta over).

Adkomst med offentlig transport

NSB Dovrebanen til Kongsvoll stasjon.
Annonse

Publisert av