(24) Tveitalio Rossekleiv rundt

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,9 km
  • 3 t
  • Rundtur
  • 230 høydemeter totalt
  • Sesong: Jan

Turen startar ved den nye p-plassen på Vadvegen ca 400 m før Vad. Følg Vadvegen og ta nordover skogsvegen som er sperra for biltrafikk med bom. Etter 800m tar du av til venstre over brua mot vest. Følg merka skogsveg/sti mot vest/sørvest til Vatnadalsvegen. Gå opp dalen til eit lite murhus. Ta til høgre på sti mot nord (som så dreiar mot nordvest). Følg stien mot nordvest i 2 km til skilta stidele. I stidelet gjer løypa ein U-sving. Her må du gjerne ta ein ekstratur 500m vidare mot nordvest til Fjellstova, eller berre ta U-svingen direkte ned mot Hauglandskvedno. I liane her er det ein del gamal barlind. Hauglandskvedno er ei gamal gardskvern restaurert av Stord Rotaryklubb og Sunnhordland Folkemuseum. Frå kvedno følgjer ein skogsvegen sørover ned att til Vad.

Adkomst med egen bil

Ta av på E39 ved Ådlandsvatnet og følg Fjellgardsvegen. Hald til høgre etter 400 m og fortset på Fjellgardsvegen til saman 1,8 km. Ta til venstre i vegkryss inn på Vadvegen og følg den ca 200 m til parkeringsplass med infoskilt om turane på venstre side. Her startar turen. Bruk ikkje p-plassen ved Vad då den ein lett blokkerer for større transport til og frå garden på Vad.

Annonse

on the path